Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 3:16-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Og han sa: «Så seier Herren: Grav grøft etter grøft her i dalen!

17. For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal denne dalen fyllast med vatn, så de får drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar.

18. Men dette er det minste Herren kan gjera. Han vil òg gje moabittane i dykkar hand.

19. De skal ta kvar festningsby og kvar storby, fella kvart frukttre og dytta att kvar vasskjelde. Og kvar grøderik åker skal de øydeleggja med stein.»

20. Morgonen etter, på den tid grødeofferet vert frambore, kom vatnet strøymande frå den kanten der Edom ligg, og landet vart fylt med vatn.

21. No fekk moabittane høyra at kongane var komne og ville strida mot dei. Alle våpenføre menn vart mønstra og tok stilling ved grensa.

22. Då moabittane stod opp morgonen etter, skein sola på vatnet, og dei tykte det var raudt som blod.

23. «Det er blod,» ropa dei. «Kongane har stridt mot kvarandre og slege kvarandre i hel. No skal vi ta hærfang, moabittar!»

24. Men då dei kom til Israels-leiren, storma israelittane fram og slo moabittane, så dei laut røma. Så sette dei etter moabittane og slo dei heilt.

25. No reiv dei ned byane, og kvar grøderik åker fylte dei med stein; for kvar mann kasta sin stein. Kvar vasskjelde dytte dei att, og kvart frukttre felte dei. Til slutt var det berre stein att i Kir-Hareset. Slyngjekastarane kringsette byen og gjekk til åtak på han.

26. Då Moab-kongen såg at striden vart for hard for han, tok han med seg sju hundre mann, væpna med sverd, og ville bryta igjennom og nå bort til Edom-kongen. Men det greidde dei ikkje.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 3