Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 3:10-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Då sa Israels-kongen: «Å, Herren har visst kalla desse tre kongane saman for å gje dei i hendene på moabittane.»

11. Men Josjafat sa: «Finst det ingen av Herrens profetar her, så vi kan spørja Herren til råds gjennom han?» Ein av mennene åt Israels-kongen svara: «Her er Elisja, son til Sjafat, den tenaren som stod Elia serleg nær.»

12. Josjafat sa: «Ja, han har ord frå Herren.» Så gjekk dei ned til profeten alle tre, Israels-kongen, Josjafat og Edom-kongen.

13. Elisja sa til Israels-kongen: «Kva vil du meg? Gå til profetane åt far din og mor di!» Men Israels-kongen svara: «Nei, det er Herren som har kalla desse tre kongane hit for å gje dei i hendene på moabittane.»

14. Då sa Elisja: «Så sant Herren, Allhærs Gud, lever, han som eg tener: Var det ikkje av vørdnad for Josjafat, Juda-kongen, ville eg ikkje sjå på deg eingong.

15. Men henta no ein harpespelar til meg!» Då så harpespelaren tok til å spela, kom Herrens hand over Elisja.

16. Og han sa: «Så seier Herren: Grav grøft etter grøft her i dalen!

17. For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal denne dalen fyllast med vatn, så de får drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar.

18. Men dette er det minste Herren kan gjera. Han vil òg gje moabittane i dykkar hand.

19. De skal ta kvar festningsby og kvar storby, fella kvart frukttre og dytta att kvar vasskjelde. Og kvar grøderik åker skal de øydeleggja med stein.»

20. Morgonen etter, på den tid grødeofferet vert frambore, kom vatnet strøymande frå den kanten der Edom ligg, og landet vart fylt med vatn.

21. No fekk moabittane høyra at kongane var komne og ville strida mot dei. Alle våpenføre menn vart mønstra og tok stilling ved grensa.

22. Då moabittane stod opp morgonen etter, skein sola på vatnet, og dei tykte det var raudt som blod.

23. «Det er blod,» ropa dei. «Kongane har stridt mot kvarandre og slege kvarandre i hel. No skal vi ta hærfang, moabittar!»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 3