Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 23:8-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Så flytte Josjia alle prestane inn frå byane i Juda. Haugane der dei hadde ofra, gjorde han ureine, heilt frå Geba til Be’er-Sjeba. Han reiv òg ned haugane der dei hadde dyrka vonde ånder, dei haugane som låg utmed porten åt Josva, byhovdingen, til venstre når ein går inn gjennom hovudporten.

9. Dei som hadde vore prestar på haugane, fekk ikkje bera fram offer på Herrens altar i Jerusalem. Men dei fekk eta usyrt brød saman med brørne sine.

10. Josjia gjorde Tofet i Hinnom-dalen ureint. Ingen skulle la son sin eller dotter si gå gjennom elden for Molok.

11. Han fekk bort dei hestane som Juda-kongane hadde vigsla til sola; dei stod attmed inngangen til Herrens hus, ikkje langt frå det romet som hoffmannen Natan-Melek hadde ut mot føregarden. Og solvognene brende han.

12. Kongen reiv ned altara som stod på taket over høgsalen åt Akas, dei som Juda-kongane hadde reist. Det same gjorde han med dei altara som Manasse hadde bygt i begge føregardane til Herrens hus. Han slo dei sund på staden og kasta støvet ned i Kedron-dalen.

13. Dei offerhaugane som låg austanfor Jerusalem, sør for Tyningsfjellet, gjorde kongen ureine. Det var Salomo, Israels-kongen, som hadde bygt dei for Astarte, den ufyselege gudinna åt folket i Sidon, for Kamosj, den ufyselege guden åt moabittane, og for Milkom, styggedomen åt ammonittane.

14. Josjia slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. Staden der dei hadde stått, fylte han med menneskebein.

15. I Betel reiv han ned altaret og offerhaugen som Jeroboam Nebatsson hadde bygt, han som fekk Israel til å synda. Både altaret og haugen vart jamna med jorda. Så knuste han steinane til støv og brende Asjera-pålen.

16. Då Josjia snudde seg, fekk han auga på gravene som var der i fjellet. Han sende folk av stad for å ta beina ut or gravene. Så brende han dei på altaret, og såleis gjorde han altaret ureint. Det gjekk som Herren hadde sagt, og som han hadde ropa ut, den gudsmannen som kunngjorde dette.

17. Så spurde kongen: «Kva er det for ein gravstein eg ser der borte?» Mennene i byen svara: «Det er grava åt den gudsmannen som kom frå Juda og varsla det som du no har gjort med altaret her i Betel.»

18. Då sa kongen: «Lat han kvila i fred! Ingen må flytta beina hans.» Så lét dei beina hans vera, og like eins beina åt den profeten som var komen frå Samaria.

19. I byane i Samaria rudde Josjia bort alle offerhaughusa som kongane i Israel hadde bygt og såleis eggja Herren til harme. Han gjorde i alle måtar så med dei som han hadde gjort i Betel.

20. Alle offerhaugprestane som fanst der, drap han ved altara, og han brende menneskebein på dei. Så fór han heim att til Jerusalem.

21. Sidan gav kongen heile folket denne føresegna: «Hald påske for Herren dykkar Gud, så som det står skrive i denne paktboka!»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 23