Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 22:14-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Då gjekk presten Hilkia saman med Ahikam, Akbor, Sjafan og Asaja til Hulda, ei profetkvinne som var gift med Sjallum, son til Tikva Harkasson, han som hadde tilsyn med kleda. Hulda budde i Nybyen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne,

15. og ho sa til dei:Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg:

16. Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og dei som bur her, alt det som er nemnt i den boka Juda-kongen har lese.

17. For dei har gått bort frå meg og ofra til andre gudar. Såleis har dei eggja meg til harme med det dei har gjort. Harmen min logar mot denne staden, og han skal ikkje slokna.

18. Men til Juda-kongen, som har sendt dykk for å spørja Herren til råds, skal de seia: Så seier Herren, Israels Gud: Du har no høyrt desse orda.

19. Og du vart mjuk i hugen og bøygde deg for Herren då du høyrde kva eg tala mot denne staden og mot dei som bur her: at dei skal verta til skræmsle og forbanning. Og fordi du reiv sund kleda dine og gret for mitt åsyn, så har eg òg høyrt, lyder ordet frå Herren.

20. Difor vil eg la deg fara til fedrane dine. I fred skal du samlast med dei i grava. Du skal sleppa å sjå all den ulukka som eg fører over denne staden.Med dette svaret kom dei heim att til kongen.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 22