Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 20:7-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Så sa Jesaja: «Henta ei fikenkake!» Dei så gjorde, og då dei la fikenkaka på den sjuke staden, friskna kongen til.

8. Hiskia spurde Jesaja: «Kva skal eg ha til teikn på at Herren vil gjera meg frisk att, så eg kan gå opp til Herrens hus om to dagar?»

9. Jesaja svara: «Dette skal du ha til teikn frå Herren på at han vil halda det han har lova: Skal skuggen på soluret gå ti strekar fram eller ti strekar attende?»

10. Hiskia sa: «Skuggen kan lett tøya seg ti strekar fram. Nei, lat han gå ti strekar attende!»

11. Då ropa profeten Jesaja til Herren, og han lét skuggen gå ti strekar attende på soluret åt Akas, like langt som han før hadde gått fram.

12. På den tid sende babylonarkongen Merodak Baladan, son til Baladan, nokre menn med brev og gåver til Hiskia. For han hadde høyrt at han hadde vore sjuk.

13. Hiskia gledde seg då dei kom. Han synte dei heile huset der han hadde skattane sine, sølvet og gullet, balsambuskane og den fine oljen, våpenhuset og alt det som fanst i skattkammera hans. Det var ikkje den ting i heile hans hus og rike som Hiskia ikkje synte dei.

14. Då kom profeten Jesaja til kong Hiskia og spurde han: «Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå?» «Dei kom frå eit land langt borte,» svara Hiskia, «frå Babylonia.»

15. «Kva fekk dei sjå i huset ditt?» spurde profeten. Hiskia svara: «Alt det som finst i huset mitt, fekk dei sjå. Det var ikkje den ting i skattkammera mine som eg ikkje synte dei.»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 20