Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 20:10-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Hiskia sa: «Skuggen kan lett tøya seg ti strekar fram. Nei, lat han gå ti strekar attende!»

11. Då ropa profeten Jesaja til Herren, og han lét skuggen gå ti strekar attende på soluret åt Akas, like langt som han før hadde gått fram.

12. På den tid sende babylonarkongen Merodak Baladan, son til Baladan, nokre menn med brev og gåver til Hiskia. For han hadde høyrt at han hadde vore sjuk.

13. Hiskia gledde seg då dei kom. Han synte dei heile huset der han hadde skattane sine, sølvet og gullet, balsambuskane og den fine oljen, våpenhuset og alt det som fanst i skattkammera hans. Det var ikkje den ting i heile hans hus og rike som Hiskia ikkje synte dei.

14. Då kom profeten Jesaja til kong Hiskia og spurde han: «Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå?» «Dei kom frå eit land langt borte,» svara Hiskia, «frå Babylonia.»

15. «Kva fekk dei sjå i huset ditt?» spurde profeten. Hiskia svara: «Alt det som finst i huset mitt, fekk dei sjå. Det var ikkje den ting i skattkammera mine som eg ikkje synte dei.»

16. Då sa Jesaja til Hiskia: «Høyr Herrens ord!

17. Det kjem ei tid då alt det som er i huset ditt, det som fedrane dine har samla til denne dag, skal førast bort til Babylonia. Det vert ingen ting att, seier Herren.

18. Dei skal ta nokre av sønene dine, av dei som er ætta frå deg, og gjera dei til hoffmenn i slottet åt babylonarkongen.»

19. Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Han tenkte: «Det vert nok trygt og godt så lenge eg lever!»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 20