Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 20:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. På den tid vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja Amosson til han og sa: «Så seier Herren: No må du ordna opp etter deg, for du skal døy; du får ikkje leva lenger.»

2. Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til Herren.

3. «Å, Herre,» sa han, «kom i hug at eg har ferdast trufast og heilhjarta for ditt åsyn og gjort det som godt er i dine augo.» Og Hiskia gret høgt.

4. Jesaja var endå ikkje komen ut or den mellomste borggarden før Herrens ord kom til han, og det lydde så:

5. «Gå attende og sei til Hiskia, fyrsten over folket mitt: Så seier Herren, Gud åt David, ættefar din: Eg har høyrt bøna di og sett tårene dine. No vil eg gjera deg frisk att. Om to dagar kan du gå opp til Herrens hus.

6. Eg legg endå femten år til levetida di. Eg vil berga deg og denne byen frå assyrarkongen og hans velde. Og eg vil verna denne byen for mi eiga skuld og for min tenar Davids skuld.»

7. Så sa Jesaja: «Henta ei fikenkake!» Dei så gjorde, og då dei la fikenkaka på den sjuke staden, friskna kongen til.

8. Hiskia spurde Jesaja: «Kva skal eg ha til teikn på at Herren vil gjera meg frisk att, så eg kan gå opp til Herrens hus om to dagar?»

9. Jesaja svara: «Dette skal du ha til teikn frå Herren på at han vil halda det han har lova: Skal skuggen på soluret gå ti strekar fram eller ti strekar attende?»

10. Hiskia sa: «Skuggen kan lett tøya seg ti strekar fram. Nei, lat han gå ti strekar attende!»

11. Då ropa profeten Jesaja til Herren, og han lét skuggen gå ti strekar attende på soluret åt Akas, like langt som han før hadde gått fram.

12. På den tid sende babylonarkongen Merodak Baladan, son til Baladan, nokre menn med brev og gåver til Hiskia. For han hadde høyrt at han hadde vore sjuk.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 20