Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 2:12-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då Elisja såg det, ropa han: «Å far, far! Israels vogner og hestfolk!» Då han ikkje kunne sjå han lenger, tok han tak i kleda sine og reiv dei i to stykke.

13. Så tok han opp kappa åt Elia, som hadde falle av han, gjekk attende til Jordan og vart ståande på elvebakken.

14. Der tok han kappa som hadde falle av Elia, slo på vatnet og sa: «Kvar er Herren, Elias Gud?» Då Elisja slo på vatnet, delte det seg, og han gjekk over.

15. Det såg profetsveinane frå Jeriko der dei stod midt for han, og dei sa: «Ånda åt Elia kviler over Elisja.» Og dei kom til møtes med han og kasta seg til jorda for han.

16. Så sa dei: «Det er femti sterke karar her hjå tenarane dine. Lat dei gå av stad og leita etter meisteren din! Kanskje Herrens Ande har ført han bort og sleppt han ned på eit fjell eller i ein dal.» Han svara: «De skal ikkje senda nokon.»

17. Men dei bad han så lenge at han gav etter og sa: «Lat dei gå då!» Så sende dei ut femti mann, og dei leita etter Elia i tre dagar, men fann han ikkje.

18. Dei kom attende til Elisja medan han var i Jeriko. Og han sa til dei: «Var det ikkje det eg sa at de ikkje skulle gå?»

19. Folket i Jeriko sa til Elisja: «Som du ser, herre, ligg byen lagleg til. Men vatnet er ringt, og jorda gjev ikkje grøde.»

20. Då sa han: «Henta eit nytt fat til meg og ha salt opp i det!» Dei så gjorde.

21. Og han gjekk ut til kjelda som vatnet kom frå, kasta salt nedi og sa: «Så seier Herren: No gjer eg dette vatnet friskt. Det skal aldri meir valda død eller øydeleggja avling.»

22. Sidan har vatnet vore friskt, heilt til denne dag. Det gjekk som Elisja sa.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 2