Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 19:9-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Kongen fekk no høyra at Tirhaka, kongen i Nubia, hadde drege i hærferd mot han. Då sende han atter nokre menn til Hiskia og sa:

10. «Så skal de seia til Hiskia, kongen i Juda: Lat deg ikkje narra av din Gud, som du set di lit til, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen.

11. Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle dei andre landa, korleis dei har lagt dei i øyde. Og så skulle du verta berga!

12. Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Karan og Resef og Eden-folka i Telassar?

13. Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i Sefarvajim-byen og kongane i Hena og Ivva?»

14. Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene kom med, gjekk han opp i templet og breidde det ut for Herrens åsyn.

15. Hiskia bad til Herren og sa: «Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 19