Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 19:8-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Så drog hærføraren av stad. Han hadde høyrt at assyrarkongen var faren bort frå Lakisj og møtte han medan han stridde mot Libna.

9. Kongen fekk no høyra at Tirhaka, kongen i Nubia, hadde drege i hærferd mot han. Då sende han atter nokre menn til Hiskia og sa:

10. «Så skal de seia til Hiskia, kongen i Juda: Lat deg ikkje narra av din Gud, som du set di lit til, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen.

11. Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle dei andre landa, korleis dei har lagt dei i øyde. Og så skulle du verta berga!

12. Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Karan og Resef og Eden-folka i Telassar?

13. Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i Sefarvajim-byen og kongane i Hena og Ivva?»

14. Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene kom med, gjekk han opp i templet og breidde det ut for Herrens åsyn.

15. Hiskia bad til Herren og sa: «Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda.

16. Vend øyra til, Herre, og høyr! Lat opp augo, Herre, og sjå! Høyr dei ord som Sankerib har sendt for å spotta den levande Gud.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 19