Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 19:26-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Dei som budde der,stod med kraftlause hender,fylte av redsle og skam.Dei likna vokstrane på marka,den grøne groen ¬og graset på tak,som svid av før det veks til.

27. Om du sit eller står,om du kjem eller går,så kjenner eg til det.Når du rasar mot meg, ¬veit eg om det.

28. Men fordi du rasar mot meg,og eg har høyrt ¬kor sorglaus du er,set eg ring i nasen dinog legg beisel i munnen din.Så fører eg deg attendeden vegen du kom.

29. Dette skal du ha til teikn:I år må de eta ¬det som gror av spillkorn,og til års korn ¬som har sått seg sjølv.Men tredje året ¬skal de så og hausta,planta vingardar og eta frukta.

30. Den resten av Juda ¬som vert berga,skal atter skyta djupe røter,og greinene skal bera frukt.

31. For frå Jerusalem ¬kjem det ein rest,frå Sion-fjellet ein flokk ¬som er berga.I sin brennhug ¬skal Herren gjera dette.

32. Ja, så seier Herren ¬om assyrarkongen:Han skal ikkje koma inn ¬i denne byenog ikkje skyta ei pil dit inn.Han skal ikkje gå imot han ¬med skjoldog ikkje kasta opp ¬ein voll imot han.

33. Den vegen han kom, ¬skal han fara attende;i denne byen ¬skal han ikkje koma inn,lyder ordet frå Herren.

34. Eg vil verna byen og berga hanfor mi eiga og for min tenar ¬Davids skuld.

35. Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der.

36. Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.

37. Ein gong medan han heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, kom sønene hans, Adrammelek og Sareser, og hogg han ned med sverd. Dei kom seg unna og rømde til Ararat-landet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 19