Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 19:21-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Og dette er det ordet Herren talar mot han:Ho hånar deg og spottar deg,Sions dotter, den unge møy;ho rister på hovudet etter deg,Jerusalem, den unge jenta.

22. Kven er det du krenkjer ¬og vanærar?Kven tek du til ords imot?Høgt lyfter du augo dinemot Israels Heilage.

23. Du lét dine sendemenn ¬spotta Herrenog sa: ¬«Med mine mange vognerfór eg opp til dei høge fjell,langt inn på Libanon.Der felte eg høgvaksne sedrarog dei finaste sypressar.Eg nådde til den høgaste topp,der skogen står som ein hage.

24. Eg har grave etter vatnog drukke or framande kjelder.Med mine fotsolar turka eg utalle elvane i Egypt.»

25. Har du ikkje høyrt om dette?Eg planla det for lenge sidan;eg laga det så i eldgamal tid,og no har eg sett det i verk.Så kunne du øyda festningsbyarog gjera dei til ruinhaugar.

26. Dei som budde der,stod med kraftlause hender,fylte av redsle og skam.Dei likna vokstrane på marka,den grøne groen ¬og graset på tak,som svid av før det veks til.

27. Om du sit eller står,om du kjem eller går,så kjenner eg til det.Når du rasar mot meg, ¬veit eg om det.

28. Men fordi du rasar mot meg,og eg har høyrt ¬kor sorglaus du er,set eg ring i nasen dinog legg beisel i munnen din.Så fører eg deg attendeden vegen du kom.

29. Dette skal du ha til teikn:I år må de eta ¬det som gror av spillkorn,og til års korn ¬som har sått seg sjølv.Men tredje året ¬skal de så og hausta,planta vingardar og eta frukta.

30. Den resten av Juda ¬som vert berga,skal atter skyta djupe røter,og greinene skal bera frukt.

31. For frå Jerusalem ¬kjem det ein rest,frå Sion-fjellet ein flokk ¬som er berga.I sin brennhug ¬skal Herren gjera dette.

32. Ja, så seier Herren ¬om assyrarkongen:Han skal ikkje koma inn ¬i denne byenog ikkje skyta ei pil dit inn.Han skal ikkje gå imot han ¬med skjoldog ikkje kasta opp ¬ein voll imot han.

33. Den vegen han kom, ¬skal han fara attende;i denne byen ¬skal han ikkje koma inn,lyder ordet frå Herren.

34. Eg vil verna byen og berga hanfor mi eiga og for min tenar ¬Davids skuld.

35. Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der.

36. Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.

37. Ein gong medan han heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, kom sønene hans, Adrammelek og Sareser, og hogg han ned med sverd. Dei kom seg unna og rømde til Ararat-landet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 19