Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 18:22-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Men svarar du meg: «Det er Herren vår Gud vi set vår lit til,» då spør eg deg: Var det ikkje hans offerhaugar og altar Hiskia tok bort då han sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor dette altaret i Jerusalem skal de bøya dykk og tilbe?»

23. Gjer no eit vågemål med herren min, kongen i Assyria: Eg gjev deg to tusen hestar dersom du kan finna ryttarar til dei!

24. Korleis kan du då driva attende ein einaste statthaldar, ein av dei ringaste tenarane åt herren min, du som set di lit til Egypt og vonar at du skal få vogner og hestfolk derifrå?

25. Trur du kanskje at eg har drege mot denne staden for å øydeleggja han utan at Herren ville det? Nei, Herren sjølv sa til meg at eg skulle dra opp mot dette landet og leggja det i øyde.

26. Då sa Eljakim, Sjebna og Joak til hærføraren: «Tal til tenarane dine på arameisk, for vi skjønar det. Tal ikkje Judea-mål til oss, så folket som står på muren, høyrer det.»

27. Men hærføraren svara: «Trur du herren min har sendt meg for å seia dette berre til herren din og til deg? Nei, det er like mykje til mennene som sit på muren, dei som snart må eta sin eigen skit og drikka sitt eige vatn, liksom de.»

28. Så steig hærføraren fram og ropa med høg røyst på judeisk: Høyr kva storkongen, kongen i Assyria, seier!

29. Så seier kongen: Lat ikkje Hiskia narra dykk! For han kan ikkje berga dykk ut or hendene mine.

30. Lat ikkje Hiskia få dykk til å lita på Herren, når han seier: «Herren vil nok berga oss. Denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.»

31. Høyr ikkje på Hiskia! For så seier kongen i Assyria: Gjer fred med meg og gjev dykk over til meg! Så skal de få eta, kvar av sitt vintre og sitt fikentre, og drikka vatn, kvar or sin brunn,

32. til dess eg kjem og tek dykk med til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druesaft, med brød og vingardar, med oliventre, olje og honning. Då skal de ikkje døy, men leva. Høyr ikkje på Hiskia når han lokkar dykk og seier: «Herren vil nok berga oss.»

33. Har vel andre folks gudar berga sine land for kongen i Assyria?

Les hele kapitlet 2. Kongebok 18