Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 16:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det syttande styringsåret åt Pekah Remaljason vart Akas, son til Jotam, konge i Juda.

2. Han var tjue år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Akas gjorde ikkje det som rett var for Herren hans Gud, så som David, ættefar hans, hadde gjort,

3. men fylgde den same vegen som Israels-kongane. Han lét jamvel son sin gå gjennom elden, ein stygg skikk som han fekk frå dei folkeslaga Herren hadde drive ut or landet for israelittane.

4. Og han slakta og ofra på haugane og høgdene og under kvart grønt tre.

5. På den tid gjorde aramearkongen Resin og Israels-kongen Pekah Remaljason ei hærferd mot Jerusalem. Dei kringsette Akas, men greidde ikkje å gå til åtak.

6. Det var den gongen aramearkongen Resin vann att Eilat til Edom og dreiv judearane ut or byen. Så kom det edomittar og busette seg i Eilat, og der har dei butt til denne dag.

7. Då sende Akas bod til Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, og sa: «Eg er din tenar og din son. Kom og berga meg frå aramearkongen og Israels-kongen, som har gått til strid mot meg.»

8. Akas tok alt sølvet og gullet i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden, og sende det til assyrarkongen i gåve.

9. Og assyrarkongen gjorde som han bad. Han gjekk mot Damaskus og tok byen. Folket som budde der, førte han bort til Kir, og Resin drap han.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 16