Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 15:6-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Det som elles er å seia om Asarja og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

7. Asarja gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg, og Jotam, son hans, vart konge etter han.

8. I det trettiåttande året Asarja var konge i Juda, vart Sakarja, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Samaria i seks månader.

9. Sakarja gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom fedrane hans. Han gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

10. Sjallum, son til Jabesj, fekk til ei samansverjing mot Sakarja. Han slo han i hel så folket såg på, og vart sjølv konge etter han.

11. Det som elles er å seia om Sakarja, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

12. Det gjekk i oppfylling, det ordet som Herren hadde tala til Jehu: «I fire ættleder skal etterkomarane dine sitja på Israels kongsstol.» Og så vart det.

13. Sjallum, son til Jabesj, vart konge i det trettiniande året Ussia var konge i Juda. Han styrte i Samaria ein månads tid.

14. Då drog Menahem, son til Gadi, opp frå Tirsa og kom til Samaria. Der slo han i hel Sjallum, son til Jabesj, og vart konge i staden hans.

15. Det som elles er å seia om Sjallum og den samansverjinga han fekk i stand, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

16. Den gongen drog Menahem ut frå Tirsa og herja Tappuah, alt som var i byen, og bygdene ikring. Fordi folket ikkje hadde opna porten for han, herja han byen og skar opp alle kvinnene der som var med barn.

17. Det var i det trettiniande styringsåret åt Juda-kongen Asarja at Menahem, son til Gadi, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i ti år.

18. Menahem gjorde det som vondt var i Herrens augo. Så lenge han levde, gav han ikkje opp dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 15