Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 11:10-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Presten lét hovdingane få dei spyda og skjolda som hadde høyrt kong David til, og som var i Herrens hus.

11. Og vaktmennene stelte seg opp, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av templet, bort imot altaret og huset, i ein ring kring kongen.

12. Så leidde Jojada kongssonen ut, sette på han krona og gav han vitnemålet, og dei kåra han til konge og salva han. Og folket klappa i hendene og ropa: «Leve kongen!»

13. Då Atalja høyrde korleis vaktmennene og folkehopen ropa, gjekk ho opp til folket i Herrens hus.

14. Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla, som skikken var, og hovdingane og hornblåsarane attmed han, medan alt folket jubla og bles i trompetar. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Opprør, opprør!»

15. Men presten Jojada sa til hovdingane over livvakta, dei som stod over hæren: «Lei henne ut mellom rekkjene! Og fylgjer nokon etter henne, så hogg han ned med sverd!» For presten hadde sagt: «Ho må ikkje drepast i Herrens hus!»

16. Så greip dei Atalja. Ho laut gå gjennom Hesteporten inn i kongsgarden, og der vart ho drepen.

17. Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom Herren og kongen og folket: Dei skulle vera Herrens folk. Mellom kongen og folket gjorde han òg ei pakt.

18. Så gjekk alt folket til Ba’al-templet og reiv det ned. Altara og gudebileta der slo dei i knas, og Ba’al-presten Mattan drap dei framfor altaret.Presten sette ut vaktpostar ved Herrens hus.

19. Så tok han med seg hovdingane over livvakta, dei andre vaktmennene og alt folket. Dei førte kongen ned frå Herrens hus og fylgde han inn i kongsgarden gjennom vaktmannsporten. Der sette han seg på kongsstolen.

20. Folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd i kongsgarden.

21. Joasj var sju år gamal då han vart konge.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 11