Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 10:9-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Då Jehu kom ut om morgonen, steig han fram og sa til alt folket: «De er utan skuld. Det var eg som fekk i stand samansverjinga mot herren min og drap han. Men kven har slege i hel alle desse?

10. Ver visse på at ikkje eit ord av det Herren har tala mot Akabs ætt, fell maktlaust til jorda. Herren har gjort det han forkynte gjennom Elia, tenaren sin.»

11. Så slo Jehu i hel alle som var att av Akabs ætt i Jisre’el, og alle stormennene, kjenningane og prestane hans. Han sparte ingen og lét ingen sleppa unna.

12. Sidan tok Jehu ut og fór til Samaria. På vegen dit kom han til Bet-Eked-Haro’im.

13. Der møtte han brørne til Akasja, Juda-kongen, og han spurde: «Kven er de?» «Vi er brørne til Akasja,» svara dei. «Vi skal ned og helsa på kongslyden og sønene til dronninga.»

14. Då sa Jehu: «Ta dei levande!» Dei så gjorde og slo dei i hel attmed brunnen i Bet-Eked, førtito mann i alt. Han sparte ikkje ein einaste av dei.

15. Då han fór derifrå, råka han Jonadab Rekabsson, som kom imot han. Jehu helsa på han og sa: «Er du like ærleg mot meg som eg er mot deg?» «Ja,» svara Jonadab. «Er det så,» sa Jehu, «så gjev meg handa på det!» Han gav han handa, og Jehu lét han stiga opp til seg i vogna.

16. «Fylg meg,» sa han, «så skal du få sjå kor brennhuga eg er for Herren.» Så fekk han køyra med han i vogna.

17. Då Jehu kom til Samaria, slo han i hel alle som var att av Akabs ætt der i byen. Han rudde ut kvar einaste ein, som Herren hadde sagt til Elia.

18. Sidan samla Jehu heile folket og sa til dei: «Akab dyrka Ba’al litt, Jehu skal dyrka han mykje.

19. Kall no alle Ba’al-profetane hit til meg, alle som dyrkar han, og alle som er prestar for han! Ikkje ein må vanta! For no skal eg halda ein stor offerfest for Ba’al. Kvar den som ikkje møter fram, skal lata livet.» Det var ei list Jehu fann på, så han kunne få rudt ut alle Ba’al-dyrkarane.

20. «Lys ut ei høgtidssamling for Ba’al!» sa han, og det gjorde dei.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 10