Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 10:20-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. «Lys ut ei høgtidssamling for Ba’al!» sa han, og det gjorde dei.

21. Jehu sende bod kring i heile Israel, og alle Ba’al-dyrkarane kom. Det fanst ikkje ein som heldt seg borte. Og då dei gjekk inn i Ba’al-templet, vart huset fullt frå ende til annan.

22. Så sa han til den mannen som hadde tilsyn med kleskammeret: «Ta fram kledebunader til alle Ba’al-dyrkarane!» Og han henta fram bunader til dei.

23. Då Jehu, saman med Jonadab Rekabsson, kom inn i Ba’al-templet, sa han til Ba’al-dyrkarane: «Sjå vel etter at det ikkje er nokon av dei som dyrkar Herren, mellom dykk, men berre Ba’al-dyrkarar.»

24. Så gjekk dei inn og bar fram slaktoffer og brennoffer. Men Jehu sette åtti mann utanfor huset og sa: «Den som lèt nokon sleppa unna av dei mennene eg gjev i hendene på dykk, skal sjølv bøta med livet.»

25. Då dei var ferdige med å bera fram brennofferet, sa Jehu til livvakta og våpensveinane: «Gå inn og hogg dei ned! Lat ingen sleppa unna!» Livvakta og våpensveinane hogg dei ned med sverd og kasta dei ut. Så gjekk dei inn i Ba’al-templet,

26. bar ut støttene som stod der, og brende dei opp.

27. Dei knuste Ba’al-støtta, reiv ned Ba’al-templet og gjorde det om til eit do, som det er den dag i dag.

28. Såleis rudde Jehu ut Ba’al or Israel.

29. Men sjølv heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera: å dyrka gullkalvane i Betel og Dan.

30. Herren sa til Jehu: «Fordi du til gagns har gjort det som rett er i mine augo, og i alle måtar har fare såleis med Akabs ætt som eg ville, så skal etterkomarane dine sitja på Israels kongsstol i fire ættleder.»

31. Men Jehu la ikkje vinn på å ferdast heilhjarta etter den lova som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Han gav ikkje opp dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

32. På den tid tok Herren til å skjera stykke or Israel. Hasael vann over israelittane langs heile grensa.

33. På austsida av Jordan tok han heile Gilead, landet åt Gads-ætta, Rubens-ætta og Manasse-ætta, alt frå Aroer ved Arnon-elva og nordover, både Gilead og Basan.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 10