Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 10:1-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Akab hadde sytti søner i Samaria. Jehu skreiv brev og sende til Samaria, til stormennene i byen, til dei eldste og til fosterfedrane for sønene åt Akab. Han skreiv:

2. «Når dette brevet kjem til dykk som har kongssønene hjå dykk, og som rår over vognene og hestane, festningsbyane og våpna,

3. så vel dykk ut den beste og mest dugande av sønene åt herren dykkar! Set han på kongsstolen åt far hans og strid for kongens ætt!»

4. Då vart dei fælande redde og sa: «Dei to kongane kunne ikkje stå seg mot han. Korleis skal då vi greia det?»

5. Så sende slottshovdingen, kommandanten i byen, dei eldste og fosterfedrane åt kongssønene bod til Jehu og sa: «Vi er tenarane dine, og alt det du byd oss, vil vi gjera. Vi vil ikkje velja nokon konge. Gjer du det du sjølv tykkjer best!»

6. Så skreiv Jehu eit nytt brev til dei, og der stod: «Er det så at de held med meg og vil lyda meg, så hogg hovudet av sønene åt herren dykkar og kom til meg i Jisre’el i morgon på denne tid!» Kongssønene, alle sytti, var hjå stormennene i byen, som fostra dei opp.

7. Med det same dei fekk brevet, tok dei kongssønene og drap dei, alle sytti. Hovuda la dei i to korger og sende dei til Jehu i Jisre’el.

8. Då han fekk bod om at dei var komne med hovuda åt kongssønene, sa han: «Legg dei i to haugar utfor porten til i morgon!»

9. Då Jehu kom ut om morgonen, steig han fram og sa til alt folket: «De er utan skuld. Det var eg som fekk i stand samansverjinga mot herren min og drap han. Men kven har slege i hel alle desse?

10. Ver visse på at ikkje eit ord av det Herren har tala mot Akabs ætt, fell maktlaust til jorda. Herren har gjort det han forkynte gjennom Elia, tenaren sin.»

11. Så slo Jehu i hel alle som var att av Akabs ætt i Jisre’el, og alle stormennene, kjenningane og prestane hans. Han sparte ingen og lét ingen sleppa unna.

12. Sidan tok Jehu ut og fór til Samaria. På vegen dit kom han til Bet-Eked-Haro’im.

13. Der møtte han brørne til Akasja, Juda-kongen, og han spurde: «Kven er de?» «Vi er brørne til Akasja,» svara dei. «Vi skal ned og helsa på kongslyden og sønene til dronninga.»

14. Då sa Jehu: «Ta dei levande!» Dei så gjorde og slo dei i hel attmed brunnen i Bet-Eked, førtito mann i alt. Han sparte ikkje ein einaste av dei.

15. Då han fór derifrå, råka han Jonadab Rekabsson, som kom imot han. Jehu helsa på han og sa: «Er du like ærleg mot meg som eg er mot deg?» «Ja,» svara Jonadab. «Er det så,» sa Jehu, «så gjev meg handa på det!» Han gav han handa, og Jehu lét han stiga opp til seg i vogna.

16. «Fylg meg,» sa han, «så skal du få sjå kor brennhuga eg er for Herren.» Så fekk han køyra med han i vogna.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 10