Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 8:7-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Men Herren sa til han: «Lyd folket og gjer alt det dei bed deg om! For det er ikkje deg dei har vraka; det er meg dei har vraka og ikkje vil ha til konge over seg.

8. Det har dei alltid gjort frå den dagen eg førte dei opp frå Egypt, og til denne dag. Dei har gått bort frå meg og dyrka andre gudar. Og såleis fer dei åt mot deg òg.

9. Gjer no som dei vil! Men fyrst må du åtvara dei alvorleg og la dei få vita kva rett han kjem til å få, den kongen som skal rå over dei!»

10. Då tala Samuel til folket som kravde ein konge av han, og la fram for dei alt det Herren hadde sagt.

11. Han sa: «Desse rettane kjem han til å ha, den kongen som skal rå over dykk: Sønene dykkar tek han og set til å gjera teneste ved vognene og hestane sine, og dei må springa framfor vogna hans.

12. Han set dei til hovdingar over fylkingar på tusen og på femti, til å pløya åkrane og hausta inn avlinga hans og til å laga krigsvåpen og utstyr til stridsvognene hans.

13. Døtrene dykkar set han til å laga salvar og til å koka og baka.

14. Dei beste jordene, vingardane og olivenhagane dykkar tek han og gjev mennene sine.

15. Av åkrane og vingardane dykkar tek han tiend og gjev hoffmennene og tenarane sine.

16. Trælane og trælkvinnene dykkar, den beste ungdomen og esla dykkar tek han og brukar i si eiga teneste.

17. Av småfeet dykkar tek han tiend, og sjølve må de træla for han.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 8