Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 8:10-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Då tala Samuel til folket som kravde ein konge av han, og la fram for dei alt det Herren hadde sagt.

11. Han sa: «Desse rettane kjem han til å ha, den kongen som skal rå over dykk: Sønene dykkar tek han og set til å gjera teneste ved vognene og hestane sine, og dei må springa framfor vogna hans.

12. Han set dei til hovdingar over fylkingar på tusen og på femti, til å pløya åkrane og hausta inn avlinga hans og til å laga krigsvåpen og utstyr til stridsvognene hans.

13. Døtrene dykkar set han til å laga salvar og til å koka og baka.

14. Dei beste jordene, vingardane og olivenhagane dykkar tek han og gjev mennene sine.

15. Av åkrane og vingardane dykkar tek han tiend og gjev hoffmennene og tenarane sine.

16. Trælane og trælkvinnene dykkar, den beste ungdomen og esla dykkar tek han og brukar i si eiga teneste.

17. Av småfeet dykkar tek han tiend, og sjølve må de træla for han.

18. Då skal de ein dag ropa til Herren på grunn av kongen som de har valt dykk. Men Herren skal ikkje svara dykk den dagen.»

19. Men folket ville ikkje høyra på Samuel. «Nei,» sa dei, «vi vil ha ein konge over oss.

20. Vi vil ha det som alle dei andre folka. Kongen vår skal styra oss; og han skal gå framfor oss og føra oss når vi er i krig.»

21. Då Samuel hadde høyrt alt det folket sa, la han det fram for Herren.

22. Og Herren sa til Samuel: «Gjer som dei vil, og set ein konge over dei!» Då sa Samuel til israelittane: «Far heim att, kvar til sin by!»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 8