Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 8:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Samuel vart gamal, sette han sønene sine til domarar i Israel.

2. Den eldste heitte Joel og den yngste Abia. Dei styrte og dømde i Be’er-Sjeba.

3. Men sønene fylgde ikkje i hans fotefar. Dei søkte urett vinning, tok muter og rengde retten.

4. Då samla dei seg, alle dei eldste i Israel, og kom til Samuel i Rama

5. og sa til han: «No er du gamal, og sønene dine fylgjer ikkje i dine fotefar. Set difor ein konge over oss til å styra oss! Det har då alle dei andre folka.»

6. Samuel tykte det var ille at dei sa: «Set ein konge over oss, som kan styra oss!» Og han bad til Herren.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 8