Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 6:10-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Mennene gjorde som dei var føresagde. Dei henta to nybære kyr og sette dei for vogna. Men kalvane heldt dei att heime.

11. Så sette dei Herrens paktkiste på vogna, og like eins skrinet med gullmysene og bileta av svullane.

12. Kyrne tok beine vegen mot Bet-Sjemesj. Rautande gjekk dei, og same leia heldt dei heile tida. Dei bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre. Og filistarfyrstane fylgde etter heilt til grensa mot Bet-Sjemesj.

13. Folket i Bet-Sjemesj heldt på og skar kveiten nede i dalen. Då dei såg opp, fekk dei auga på paktkista, og dei vart glade då dei såg henne.

14. Vogna kom inn på jordet til Josva frå Bet-Sjemesj og stogga. Der låg det ein stor stein. Dei hogg sund treverket i vogna og ofra kyrne som brennoffer til Herren.

15. Levittane tok ned Herrens paktkiste og skrinet med gullsakene som stod attmed henne, og sette dei på den store steinen. Den dagen ofra mennene i Bet-Sjemesj brennoffer og slaktoffer til Herren.

16. Dei fem filistarfyrstane såg på dette og fór same dagen attende til Ekron.

17. Dette er dei gullsvullane som filistarane gav Herren til vederlag: ein for Asjdod, ein for Gasa, ein for Asjkalon, ein for Gat og ein for Ekron.

18. Gullmysene svara til talet på alle dei byane som låg under dei fem filistarfyrstane, både festningsbyane og landsbyane. Eit vitne om dette er den store steinen på jordet til Josva frå Bet-Sjemesj, den steinen som dei sette Herrens paktkiste på; han ligg der den dag i dag.

19. Men Herren slo ned nokre av mennene i Bet-Sjemesj, fordi dei hadde sett på Herrens paktkiste. Sytti mann av dei slo han ned. Og folket syrgde fordi han hadde valda så stort mannefall mellom dei.

20. Då sa folket i Bet-Sjemesj: «Kven kan stå seg for Herren, ein heilag Gud som han? Og kvar skal han fara når vi sender han frå oss?»

21. Så sende dei bod til folket i Kirjat-Jearim og sa: «Filistarane har sendt Herrens paktkiste attende. Kom og henta henne opp til dykk!»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 6