Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 6:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Herrens paktkiste hadde vore i Filistarlandet i sju månader,

2. kalla filistarane saman prestane og spåmennene og spurde: «Kva skal vi gjera med Herrens paktkiste? Lat oss få vita korleis vi skal senda henne attende til den staden der ho høyrer heime!»

3. Dei svara: «Sender de paktkista åt Israels Gud frå dykk, må de ikkje senda snaue kista, men gje ei soningsgåve til vederlag. Då vert de friske og får vita kvifor handa hans ikkje vik frå dykk.»

4. Filistarane spurde: «Kva slag soningsgåve skal vi gje til vederlag?» Dei andre svara: «Fem svullar av gull og fem myser av gull, etter talet på filistarfyrstane. For det er ei og same plaga som har råka dykk alle, jamvel fyrstane.

5. De skal laga etterlikningar av svullane dykkar og av mysene som herjar landet, og gje Israels Gud ære. Så tek han kanskje den tunge handa si bort både frå dykk og guden og landet dykkar.

6. Kvifor er de så stridlyndte, liksom egyptarane og farao var? Laut dei ikkje sleppa Israel av stad etter at Herren hadde fare ille med dei?

7. Ta no og lag ei ny vogn, og henta to nybære kyr som det ikkje har vore åk på. Set kyrne for vogna, men ta kalvane frå dei og lat dei vera att heime.

8. Så skal de ta Herrens paktkiste og setja henne på vogna. Dei gullsakene som de gjev Herren til vederlag, skal de leggja i eit skrin attmed kista. Send henne så av garde!

9. Sjå etter om ho tek vegen oppover til sitt eige land, til Bet-Sjemesj. Då er det Herren som har sendt denne store ulukka over oss. Men fer ho ikkje den vegen, veit vi at det ikkje er hans hand som har råka oss. Då er det berre ein vanlagnad vi har vore ute for.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 6