Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 28:17-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. No har Herren gjort det som han sa gjennom meg. Han har rive kongedømet ut or di hand og gjeve det til ein annan, til David.

18. Fordi du ikkje lydde Herren og ikkje fullførte vreidedomen hans over amalekittane, difor har Herren gjort dette mot deg i dag.

19. Og saman med deg skal Herren gje Israel i hendene på filistarane. I morgon skal du og sønene dine vera hjå meg. Og Herren skal gje Israels-hæren i filistarhand.»

20. Med det same Saul høyrde desse orda, kom det slik redsle over han at han fall til jorda så lang han var. Han var reint kraftlaus, for han hadde ikkje smaka mat heile dagen og heile natta.

21. Kvinna kom bort til Saul. Og då ho såg kor redd han var, sa ho til han: «Tenestkvinna di har lydt deg; eg våga livet og gjorde som du sa til meg.

22. Så lyd no du meg, herre, og lat meg få setja fram litt mat for deg! Et, så du kan styrkjast før du fer din veg.»

23. Men han ville ikkje og sa: «Eg skal ikkje ha mat.» Då nøydde dei han, både mennene hans og kvinna, til han gjorde som dei sa. Han reiste seg opp og sette seg på senga.

24. Kvinna hadde ein gjøkalv heime; den skunda ho seg og slakta. Så tok ho mjøl, knadde det og baka usyrte brød.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 28