Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 28:10-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: «Så sant Herren lever: Det skal ikkje koma skuld over deg for dette.»

11. Kvinna spurde: «Kven skal eg henta opp til deg?» Han svara: «Samuel.»

12. Men då kvinna såg Samuel, sette ho i eit høgt skrik og sa til Saul: «Kvifor har du narra meg? Du er Saul!»

13. Då sa kongen til henne: «Ver ikkje redd! Fortel meg heller kva du ser!» Kvinna svara: «Eg ser ei ånd som stig opp or jorda.»

14. «Korleis ser ho ut?» spurde Saul. Kvinna svara: «Det er ein gamal mann som stig opp, og han er kledd i ei kappe.» Då skjøna Saul at det var Samuel, og han kasta seg ned med andletet mot jorda.

15. Samuel sa til Saul: «Kvifor har du uroa meg og henta meg opp?» Saul svara: «Eg er i stor naud. Filistarane fører krig mot meg, og Gud har vendt seg frå meg og svarar meg ikkje meir, korkje gjennom profetar eller i draumar. Difor har eg kalla på deg, så du skal la meg få vita kva eg skal gjera.»

16. Då sa Samuel: «Kvifor spør du meg, når Herren har vendt seg frå deg og vorte din fiende?

17. No har Herren gjort det som han sa gjennom meg. Han har rive kongedømet ut or di hand og gjeve det til ein annan, til David.

18. Fordi du ikkje lydde Herren og ikkje fullførte vreidedomen hans over amalekittane, difor har Herren gjort dette mot deg i dag.

19. Og saman med deg skal Herren gje Israel i hendene på filistarane. I morgon skal du og sønene dine vera hjå meg. Og Herren skal gje Israels-hæren i filistarhand.»

20. Med det same Saul høyrde desse orda, kom det slik redsle over han at han fall til jorda så lang han var. Han var reint kraftlaus, for han hadde ikkje smaka mat heile dagen og heile natta.

21. Kvinna kom bort til Saul. Og då ho såg kor redd han var, sa ho til han: «Tenestkvinna di har lydt deg; eg våga livet og gjorde som du sa til meg.

22. Så lyd no du meg, herre, og lat meg få setja fram litt mat for deg! Et, så du kan styrkjast før du fer din veg.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 28