Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 28:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. På den tid samla filistarane hærane sine og ville gå til krig mot Israel. Då sa Akisj til David: «Du veit vel at både du og mennene dine må fylgja meg i striden?»

2. David svara: «Godt, du skal få sjå kva tenaren din duger til.» Akisj sa: «Så set eg deg til hovding over livvakta mi for alltid.»

3. No var Samuel død, og heile Israel hadde halde syrgjehøgtid over han og gravlagt han i Rama, heimbyen hans. Og Saul hadde drive ut or landet dei som mana fram daudingar og spådomsånder.

4. Filistarane samla seg, drog til Sjunem og slo leir der. Og Saul samla heile Israel og slo leir på Gilboa-fjellet.

5. Men då Saul såg filistarleiren, vart han så redd at han skalv.

6. Han spurde Herren til råds, men Herren svara han ikkje, korkje i draumar eller gjennom urim eller gjennom profetar.

7. Då sa Saul til mennene sine: «Finn meg ei kvinne som kan mana fram daudingar, så vil eg gå til henne og spørja henne til råds.» Mennene svara: «I En-Dor er det ei kvinne som kan det.»

8. Saul skifte no klede og gjorde seg ukjenneleg. Han gjekk av stad saman med to mann, og dei kom til kvinna om natta. Saul sa til henne: «Hjelp meg til ein spådom med manarkunsta di! Henta opp den som eg nemner for deg!»

9. Kvinna svara: «Du veit då sjølv kva Saul har gjort, at han har rudt ut or landet alle som manar fram daudingar og spådomsånder? Kvifor set du snarer for meg? Kvifor vil du drepa meg?»

10. Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: «Så sant Herren lever: Det skal ikkje koma skuld over deg for dette.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 28