Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 27:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Men David tenkte med seg: «Ein dag kjem eg likevel til å falla for Sauls hand. Det beste eg kan gjera, er å røma til Filistarlandet. Då vil Saul halda opp med å leita etter meg rundt ikring i heile Israel, og eg slepp unna han.»

2. Så tok David ut med dei seks hundre mennene som fylgde han, og fór over til Akisj, son til Maok, kongen i Gat.

3. Både David og mennene hans vart buande hjå Akisj i Gat, kvar med sin huslyd. David hadde med seg begge konene sine, Akinoam frå Jisre’el og Abigajil frå Karmel, enkja etter Nabal.

4. Då Saul fekk vita at David hadde rømt til Gat, leita han ikkje etter han lenger.

5. David sa til Akisj: «Dersom du har godvilje for meg, så lat meg få bustad i ein av landsbyane! Kvifor skal tenaren din bu saman med deg i kongsbyen?»

6. Same dagen lét Akisj han få Siklag. Difor har Siklag høyrt Juda-kongane til heilt til denne dag.

7. Den tid David budde i Filistarlandet, var i alt eitt år og fire månader.

8. David og mennene hans drog ofte ut på herjeferder mot gesjurittane, girsittane og amalekittane. Det var dei folka som frå gamalt hadde butt i landet bort imot Sjur og heilt til Egypt.

9. Når David herja der i landet, sparte han korkje menn eller kvinner. Han tok med seg småfe og storfe, esel, kamelar og klede og kom attende til Akisj med det.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 27