Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 24:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så fór David opp derifrå og heldt til i fjellborgene ved En-Gedi.

2. Då Saul kom heim etter hærferda mot filistarane, fekk han vita at David var i øydemarka ved En-Gedi.

3. Då tok han med seg tre tusen mann, som han hadde valt ut or heile Israels-folket, og drog av stad og ville leita etter David og mennene hans austanfor Steinbukk-hamrane.

4. Og han kom til sauekveene attmed vegen. Der var det ei hole, og dit gjekk Saul inn i eige ærend. Men inst i hola sat David og mennene hans.

5. Då sa mennene åt David til han: «No er den dagen komen som Herren hadde i tankar då han sa til deg: Eg skal gje fienden din i di hand, så du kan gjera med han som du vil.» Så reiste David seg og skar ein snipp av kappa til Saul utan at han merka det.

6. Men sidan fekk David vondt samvit, fordi han hadde skore snippen av kappa til Saul,

7. og han sa til mennene sine: «Herren fri meg frå å gjera slikt mot herren min, mot Herrens salvevigde, og leggja hand på han! For han er den som Herren har salva.»

8. David tala mennene sine til rettes og gav dei ikkje lov til å ta på Saul.Då Saul gjekk ut or hola og ville fara sin veg,

9. reiste David seg, fylgde etter han og ropa: «Herre konge!» Saul såg attom seg. Då bøygde David seg med andletet mot jorda, kasta seg ned

10. og sa: «Kvifor høyrer du på folk som seier at David prøver å gjera deg vondt?

11. I dag har du då med eigne augo sett at Herren gav deg i mi hand i hola. Dei rådde meg til å drepa deg. Men eg sparte deg, for eg tenkte: Eg vil ikkje leggja hand på herren min; for han er den som Herren har salva.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 24