Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 23:4-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Endå ein gong spurde David Herren til råds, og Herren svara: «Ta ut og far ned til Ke’ila! Eg vil gje filistarane i di hand.»

5. Så fór David med mennene sine til Ke’ila og stridde mot filistarane. Dei felte mange og drog av med feet deira. Såleis berga David folket i Ke’ila. –

6. Då Abjatar, son til Akimelek, rømde til David og fylgde han til Ke’ila, hadde han efoden med seg.

7. Saul fekk melding om at David var komen til Ke’ila, og han sa: «Gud har gjeve han i mi hand. For han har sjølv stengt seg inne i ein by med portar og bommar.»

8. Så kalla Saul heile hæren saman til strid. Han ville fara ned til Ke’ila og kringsetja David og mennene hans.

9. Men då David skjøna at Saul la vonde planar mot han, sa han til presten Abjatar: «Kom hit med efoden!»

10. Sidan sa han: «Herre, Israels Gud! Eg, tenaren din, har høyrt at Saul etlar seg til Ke’ila og vil øydeleggja byen for mi skuld.

11. Vil då Ke’ila-buane gje meg i hans hand? Kjem Saul hit ned, som tenaren din har fått nyss om? Herre, Israels Gud, lat tenaren din få vita det!» Herren svara: «Ja, han kjem.»

12. Så spurde David: «Vil Ke’ila-buane gje meg og mennene mine i Sauls hand?» Herren svara: «Ja, dei vil.»

13. Då tok David ut med mennene sine, om lag seks hundre i talet. Dei fór bort frå Ke’ila og flakka ikring der det fall seg. Men då Saul fekk høyra at David hadde sloppe bort frå Ke’ila, lét han vera å dra ut.

14. Sidan heldt David til i øydemarka, i fjellborgene. Han slo seg til i fjellet i Sif-øydemarka. Og heile tida leita Saul etter han, men Gud laga det så at han ikkje fall i hans hand.

15. David skjøna at Saul hadde drege ut og ville drepa han. Men medan han var i Horesja i Sif-øydemarka,

16. tok Jonatan, son til Saul, ut og kom til han der. Han sette mot i David i Guds namn.

17. «Ver ikkje redd!» sa han; «Saul, far min, får ikkje tak i deg. Du skal verta konge over Israel, og eg skal vera nest etter deg. Det veit Saul, far min, òg.»

18. Så gjorde dei pakt med kvarandre for Herrens åsyn, dei to. Og David vart verande i Horesja, men Jonatan fór heim til seg.

19. Nokre menn frå Sif drog opp til Saul i Gibea og sa: «David held seg løynd hjå oss i fjellborgene i Horesja, attmed Hakila-haugen, som ligg sør for Jesjimon.

20. Så sant du har hug til å koma dit ned, konge, så kom! Vi skal syta for at du får tak i han.»

21. Saul svara: «Herren velsigne dykk, fordi de har slik medkjensle med meg.

22. Far no heim att og ver framleis på vakt! Spør dykk føre og sjå etter kvar han ferdast, og kven som har sett han der. For dei har sagt meg at han er ein luring.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 23