Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 23:11-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Vil då Ke’ila-buane gje meg i hans hand? Kjem Saul hit ned, som tenaren din har fått nyss om? Herre, Israels Gud, lat tenaren din få vita det!» Herren svara: «Ja, han kjem.»

12. Så spurde David: «Vil Ke’ila-buane gje meg og mennene mine i Sauls hand?» Herren svara: «Ja, dei vil.»

13. Då tok David ut med mennene sine, om lag seks hundre i talet. Dei fór bort frå Ke’ila og flakka ikring der det fall seg. Men då Saul fekk høyra at David hadde sloppe bort frå Ke’ila, lét han vera å dra ut.

14. Sidan heldt David til i øydemarka, i fjellborgene. Han slo seg til i fjellet i Sif-øydemarka. Og heile tida leita Saul etter han, men Gud laga det så at han ikkje fall i hans hand.

15. David skjøna at Saul hadde drege ut og ville drepa han. Men medan han var i Horesja i Sif-øydemarka,

16. tok Jonatan, son til Saul, ut og kom til han der. Han sette mot i David i Guds namn.

17. «Ver ikkje redd!» sa han; «Saul, far min, får ikkje tak i deg. Du skal verta konge over Israel, og eg skal vera nest etter deg. Det veit Saul, far min, òg.»

18. Så gjorde dei pakt med kvarandre for Herrens åsyn, dei to. Og David vart verande i Horesja, men Jonatan fór heim til seg.

19. Nokre menn frå Sif drog opp til Saul i Gibea og sa: «David held seg løynd hjå oss i fjellborgene i Horesja, attmed Hakila-haugen, som ligg sør for Jesjimon.

20. Så sant du har hug til å koma dit ned, konge, så kom! Vi skal syta for at du får tak i han.»

21. Saul svara: «Herren velsigne dykk, fordi de har slik medkjensle med meg.

22. Far no heim att og ver framleis på vakt! Spør dykk føre og sjå etter kvar han ferdast, og kven som har sett han der. For dei har sagt meg at han er ein luring.

23. Fylg med og finn ut kva for ein av alle gøymestadene han held til i. Kom så attende til meg med påliteleg melding! Så skal eg vera med dykk, og er han så sant i landet, skal eg leita han opp mellom alle ættene i Juda.»

24. Då tok dei ut og fór heim til Sif føre Saul.På den tid var David og mennene hans i Maon-øydemarka, på Araba-sletta, sør for Jesjimon.

25. Saul og mennene hans drog av stad og ville leita etter han. Men David fekk greie på det og fór ned til berghamaren og heldt seg i Maon-øydemarka.Då Saul fekk vita det, sette han etter David ut i Maon-øydemarka.

26. Saul gjekk på den eine sida av fjellet og David og mennene hans på den andre. Og David skunda seg for å sleppa unna Saul, medan Saul og mennene hans var i ferd med å omringa David og mennene hans og ta dei.

27. Men best det var, kom det ein bodberar til Saul og sa: «Skunda deg og kom! Filistarane har brote inn i landet.»

28. Då heldt Saul opp med å forfylgja David og drog mot filistarane. Difor kallar dei den staden Skiljehamaren.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 23