Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 23:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Folk kom til David og sa: «Filistarane er farne i hærferd mot Ke’ila, og dei ranar kornet på treskjevollane.»

2. Då spurde David Herren til råds: «Skal eg dra ut og slå desse filistarane?» Herren svara: «Dra ut og slå filistarane og fria ut Ke’ila!»

3. Men mennene åt David sa til han: «Vi er ikkje trygge her i Juda. Og så skulle vi fara til Ke’ila, mot filistarfylkingane!»

4. Endå ein gong spurde David Herren til råds, og Herren svara: «Ta ut og far ned til Ke’ila! Eg vil gje filistarane i di hand.»

5. Så fór David med mennene sine til Ke’ila og stridde mot filistarane. Dei felte mange og drog av med feet deira. Såleis berga David folket i Ke’ila. –

6. Då Abjatar, son til Akimelek, rømde til David og fylgde han til Ke’ila, hadde han efoden med seg.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 23