Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 22:15-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Dette er ikkje fyrste gongen eg bed Gud om råd for han, langt ifrå! Kongen må ikkje klaga meg eller nokon i ætta mi for det. For eg har ikkje visst det minste om det.»

16. Men kongen sa: «Du skal døy, Akimelek, både du og heile ætta di.»

17. Så sa han til livvakta som stod ikring han: «Gå fram og drep Herrens prestar! For dei òg held med David. Dei visste at han var på røming, men varsla meg ikkje.» Men kongsmennene ville ikkje lyfta ei hand for å hogga ned Herrens prestar.

18. Då sa kongen til Doeg: «Gå du fram og hogg ned prestane!» Så gjekk Doeg frå Edom fram og hogg ned prestane. Den dagen drap han åttifem mann som bar presteskrud av lin.

19. Sidan øydde kongen prestebyen Nob med odd og egg. Både menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar, esel og sauer drap han med sverd.

20. Berre ein av sønene til Akimelek Akitubsson – Abjatar heitte han – slapp unna. Abjatar rømde til David,

21. og han fortalde David at Saul hadde drepe Herrens prestar.

22. Då sa David til Abjatar: «Alt den gongen Doeg frå Edom var der, skjøna eg at han ville seia det til Saul. Eg ber skulda for alle som er drepne i ætta di.

23. Slå deg til hjå meg, og ver ikkje redd! For han som vil ta livet av meg, vil ta livet av deg òg. Hjå meg er du trygg.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 22