Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 19:9-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Då kom det ei vond ånd frå Herren over Saul medan han sat i huset sitt med spydet i handa, og David spela på harpa.

10. Saul prøvde å renna spydet gjennom David og inn i veggen. Men David bøygde seg unna, og spydet fór i veggen. Då rømde David og kom seg bort. Same natta

11. sende Saul nokre menn til Davids hus. Dei skulle vakta på han og drepa han om morgonen. Men Mikal, kona til David, varsla han om det og sa: «Bergar du deg ikkje unna i natt, vert du drepen i morgon.»

12. Så firte ho han ned frå vindauga, og han rømde og kom seg bort.

13. Sidan tok Mikal husguden og la opp i senga. Ho la eit teppe av geiteragg attmed hovudet hans og breidde eit åklede over.

14. Då Saul sende folk som skulle henta David, sa ho: «Han er sjuk.»

15. Så sende Saul same mennene av stad for at dei skulle sjå David, og sa: «Ber han hit til meg i senga! Han skal døy.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 19