Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 19:6-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Saul høyrde på Jonatan og svor: «Så sant Herren lever: Han skal ikkje missa livet!»

7. Då ropa Jonatan på David og fortalde han alt saman. Sidan leidde han David fram for Saul, og David vart verande hjå han som før.

8. Men ufreden varte ved, og David drog ut og stridde mot filistarane. Han felte ei mengd av dei, og dei rømde for han.

9. Då kom det ei vond ånd frå Herren over Saul medan han sat i huset sitt med spydet i handa, og David spela på harpa.

10. Saul prøvde å renna spydet gjennom David og inn i veggen. Men David bøygde seg unna, og spydet fór i veggen. Då rømde David og kom seg bort. Same natta

11. sende Saul nokre menn til Davids hus. Dei skulle vakta på han og drepa han om morgonen. Men Mikal, kona til David, varsla han om det og sa: «Bergar du deg ikkje unna i natt, vert du drepen i morgon.»

12. Så firte ho han ned frå vindauga, og han rømde og kom seg bort.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 19