Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 19:14-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Då Saul sende folk som skulle henta David, sa ho: «Han er sjuk.»

15. Så sende Saul same mennene av stad for at dei skulle sjå David, og sa: «Ber han hit til meg i senga! Han skal døy.»

16. Men då mennene kom inn, fekk dei sjå at det var husguden som låg i senga med raggteppet attmed hovudet.

17. Då sa Saul til Mikal: «Kvifor har du narra meg slik og hjelpt fienden min til å sleppa unna?» Mikal svara: «Han sa til meg: Lat meg få sleppa bort, elles drep eg deg.»

18. Då David hadde rømt og kome seg unna, fór han til Samuel i Rama og fortalde korleis Saul hadde bore seg åt mot han. Så gjekk han og Samuel til Nevajot og gav seg til der.

19. Med det same Saul fekk vita at David var i Nevajot ved Rama,

20. sende han nokre menn dit som skulle henta han. Men då dei fekk sjå profetflokken, som var i profetisk glød, og Samuel, som stod framføre dei, kom Guds Ande over utsendingane frå Saul, og dei vart gripne av profetisk glød, dei òg.

21. Då Saul fekk vita om det, sende han andre menn. Men det gjekk like eins med dei. Tredje gongen sende Saul folk dit, men dei kom i profetisk glød, dei òg.

22. Til sist gjekk han sjølv til Rama, og då han kom til den store brunnen i Seku, spurde han: «Kvar er Samuel og David?» Dei svara: «I Nevajot ved Rama.»

23. Så gjekk han dit, til Nevajot ved Rama. Men Guds Ande kom over han òg, og han gjekk i profetisk glød heile vegen til Nevajot ved Rama.

24. Då reiv Saul av seg kleda, liksom dei andre, og stod framfor Samuel, gripen av profetisk glød, til han fall over ende. Og han vart liggjande naken heile dagen og heile natta. Difor seier folk: «Er Saul òg mellom profetane?»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 19