Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 19:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein gong tala Saul med Jonatan, son sin, og med alle mennene sine om å få David drepen. Men Jonatan, son til Saul, hadde David kjær.

2. Difor fortalde han dette til David og sa: «Saul, far min, tenkjer på å drepa deg. Ta deg i vare i morgon tidleg! Finn deg ein gøymestad og hald deg der!

3. Så skal eg gå ut på marka der du er, stå attmed far og tala med han om deg. Og merkar eg noko, skal eg seia deg det.»

4. Jonatan tala vel om David for Saul, far sin, og sa: «Kongen må ikkje gjera urett mot David, tenaren sin; for han har ikkje gjort urett mot deg. Det han har gjort, har heller vore til stort gagn for deg.

5. Han våga livet og felte filistaren, og Herren lét heile Israel vinna ein stor siger. Du såg det sjølv og gledde deg. Kvifor vil du då gjera synd mot skuldlaus mann og drepa David utan grunn?»

6. Saul høyrde på Jonatan og svor: «Så sant Herren lever: Han skal ikkje missa livet!»

7. Då ropa Jonatan på David og fortalde han alt saman. Sidan leidde han David fram for Saul, og David vart verande hjå han som før.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 19