Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 17:7-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Spydskaftet var tjukt som ein vevbom, og spydodden var av jern og vog seks hundre sekel. Skjoldberaren gjekk føre han.

8. Goliat steig fram og ropa til Israels-hæren: «Kvifor dreg de ut og fylkar dykk til strid? Er ikkje eg ein filistar og de trælane åt Saul? Vel ut ein mann, og send han ned til meg!

9. Kan han strida med meg og fella meg, skal vi vera trælane dykkar. Men vinn eg over han og feller han, skal de vera våre trælar og tena oss.»

10. Og filistaren heldt fram: «I dag har eg spotta Israels fylking. Send hit ein mann, så skal vi strida mot kvarandre.»

11. Då Saul og alle israelittane høyrde kva filistaren sa, stokk dei til og vart fælande redde.

12. David var son til Isai, som tilhøyrde Efrata-ætta frå Betlehem i Juda. Den mannen hadde åtte søner. På Sauls tid var han gamal og skral.

13. Dei tre eldste sønene hans hadde fylgt Saul i krigen. Av desse tre sønene som hadde gått med i krigen, heitte den eldste Eliab, den andre Abinadab og den tredje Sjamma.

14. David var den yngste. Dei tre eldste hadde fylgt Saul,

15. men David gjekk ofte heim att frå Saul og gjætte småfeet åt far sin i Betlehem.

16. Morgon og kveld steig filistaren fram; i førti dagar baud han seg fram til strid.

17. Då sa Isai til David, son sin: «Ta ein efa av dette steikte kornet og desse ti brøda som brørne dine skal ha, og skunda deg til leiren, til brørne dine, med det!

18. Og desse ti ostestykka skal du ha med til føraren for hærflokken. Sjå så etter korleis det står til med brørne dine, og få med deg eit pant frå dei!

19. Dei og alle dei andre israelittane er hjå Saul i Terebintedalen og strider mot filistarane.»

20. Morgonen etter stod David tidleg opp og fekk ein annan til å gjæta småfeet. Så tok han det han skulle ha med, og gav seg i veg, som Isai hadde sagt til han. Då han kom til leiren, gjekk hæren nett ut og fylka seg, og krigsropet ljoma.

21. Både israelittane og filistarane stod budde til strid, fylking mot fylking.

22. David la tinga sine frå seg hjå han som hadde tilsyn med føringsvognene. Så sprang han bort til fylkinga, fann brørne sine og helsa på dei.

23. Best han stod og tala med dei, kom holmgangskjempa, filistaren Goliat frå Gat, fram or filistarfylkinga og heldt den vanlege talen sin, og David høyrde det.

24. Alle israelittane rømde unna då dei såg mannen; dei var fælande redde.

25. Men ein av dei sa: «Ser de den karen som kjem fram der? Han vil spotta Israel; det er det han kjem for. Den som feller han, vil kongen gje stor rikdom og dotter si med, og ætta hans skal vera friteken for skatt i Israel.»

26. Då spurde David dei mennene som stod saman med han: «Kva var det han skulle få, den mannen som feller filistaren og tek ei slik vanære bort frå Israel? Kven er han vel, denne uomskorne filistaren, som vågar å spotta fylkingane åt den levande Gud?»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 17