Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 17:47-58 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

47. Og alt dette folket som er samla, skal skjøna at det ikkje er med sverd og spyd Herren gjev siger. Det er Herren som rår for krigen, og han skal gje dykk i vår makt.»

48. Då no filistaren fór opp og kom bort imot David, sprang David brått fram frå fylkinga, mot filistaren.

49. Han stakk handa ned i taska og tok opp ein stein, kasta han med slyngja og råka filistaren i panna. Steinen gjekk djupt inn i panna hans, og han stupte med andletet mot jorda.

50. Såleis vann David over filistaren med slyngje og stein. Han felte filistaren og slo han i hel, endå han ikkje hadde noko sverd i handa.

51. Med så gjort sprang David bort til filistaren, tok sverdet hans, drog det ut or slira og drap han. Så hogg han hovudet av han.Med det same filistarane såg at kjempa deira var død, rømde dei.

52. Men israelittane og judearane storma fram med høge krigsrop og forfylgde dei til bort imot Gat og heilt til portane i Ekron. Det låg falne filistarar langs vegen frå Sja’arajim heilt til Gat og Ekron.

53. Så forfylgde ikkje israelittane filistarane lenger, men drog attende og plyndra leiren deira.

54. David tok hovudet åt filistaren og hadde det med seg til Jerusalem, men våpna hans la han i teltet sitt.

55. Då Saul såg David gå fram mot filistaren, sa han til Abner, hærføraren sin: «Kven sin son er den guten, Abner?» Abner svara: «Så sant du lever, konge, det veit eg ikkje.»

56. Kongen sa: «Finn ut kven sin son den ungguten er!»

57. Då David kom att og hadde felt filistaren, tok Abner og førte han fram for Saul, medan han endå heldt hovudet åt filistaren i handa.

58. Og Saul spurde: «Kven sin son er du, gut?» David svara: «Eg er son til Isai, tenaren din, i Betlehem.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 17