Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 16:12-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.»

13. Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

14. Herren tok sin Ande frå Saul og sende ei vond ånd, som skræmde han.

15. Då sa mennene åt Saul til han: «Vi ser at ei vond ånd frå Gud skræmer deg.

16. Sei berre frå, herre, så skal tenarane dine, som står her framfor deg, leita opp ein mann som kan spela på harpe. Når så den vonde ånda frå Gud kjem over deg, skal han spela; då letnar det for deg.»

17. Saul svara: «Ja, finn meg ein mann som er god til å spela, og før han hit til meg!»

18. Då sa ein av dei unge mennene: «Eg kjenner ein son til Isai frå Betlehem, som kan spela. Han er ein sterk og djerv krigar og god til å tala for seg. Han er ein staseleg kar, og Herren er med han.»

19. Så sende Saul bod til Isai og sa: «Send hit til meg David, son din, han som gjæter småfeet!»

20. Då tok Isai eit esel, kløvja det med brød, ei hit med vin og eit kje og sende det med David, son sin, til Saul.

21. Såleis kom David til Saul og gav seg i teneste hjå han. Og Saul fekk han kjær og gjorde han til våpensveinen sin.

22. Han sende bod til Isai og sa: «Lat David få vera i teneste hjå meg! For eg likar han.»

23. Når så ånda frå Gud kom over Saul, tok David fram harpa si og spela. Då letna det for Saul; han kjende seg betre, og den vonde ånda fór frå han.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 16