Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 15:24-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Då sa Saul til Samuel: «Eg har synda; for eg har gjort imot Herrens ord og dine påbod. Eg var redd folket og gav etter for dei.

25. Kjære, tilgjev no synda mi, og ver med meg attende, så eg kan tilbe Herren.»

26. Men Samuel svara: «Eg vil ikkje vera med deg attende. For du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg; du skal ikkje lenger vera konge over Israel.»

27. Dermed snudde han seg og ville gå. Men Saul treiv i snippen på kappa hans, så ho rivna.

28. Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du.

29. Han som er Israels ære, lyg ikkje og angrar ikkje. For han er ikkje eit menneske, så han skulle angra.»

30. Saul svara: «Eg har synda. Men vis meg likevel den ære framfor dei eldste i folket mitt og heile Israel at du er med meg attende! Så vil eg tilbe Herren din Gud.»

31. Då gjekk Samuel med han attende, og Saul tilbad Herren.

32. Sidan sa Samuel: «Før Agag, amalekittkongen, hit til meg!» Skjelvande steig Agag fram for han og sa: «Sanneleg, beisk er døden!»

33. Men Samuel svara:«Som sverdet ditt ¬har gjort kvinner barnlause,skal mor di verta barnlaus, ¬framom andre kvinner.»Så hogg Samuel Agag ned for Herrens åsyn i Gilgal.

34. Med så gjort gav han seg på veg til Rama, og Saul fór heim att til Sauls Gibea.

35. Sidan ville ikkje Samuel sjå Saul meir så lenge han levde; for han syrgde over Saul.Men Herren angra at han hadde gjort Saul til konge over Israel.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 15