Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 15:24-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Då sa Saul til Samuel: «Eg har synda; for eg har gjort imot Herrens ord og dine påbod. Eg var redd folket og gav etter for dei.

25. Kjære, tilgjev no synda mi, og ver med meg attende, så eg kan tilbe Herren.»

26. Men Samuel svara: «Eg vil ikkje vera med deg attende. For du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg; du skal ikkje lenger vera konge over Israel.»

27. Dermed snudde han seg og ville gå. Men Saul treiv i snippen på kappa hans, så ho rivna.

28. Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du.

29. Han som er Israels ære, lyg ikkje og angrar ikkje. For han er ikkje eit menneske, så han skulle angra.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 15