Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 15:17-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Samuel sa: «Endå du har så små tankar om deg sjølv, er du likevel hovding over Israels-ættene! Herren har salva deg til konge over Israel.

18. Sidan sende han deg i veg og sa: Gå og bannstøyt amalekittane, dette syndige folket, og strid mot dei til du har gjort ende på dei!

19. Kvifor lydde du ikkje Herrens ord, men kasta deg over hærfanget og gjorde det som vondt var i Herrens augo?»

20. Saul svara: «Eg lydde Herrens ord og gjekk den vegen Herren sende meg. Eg førte Agag, amalekittkongen, hit og gjorde ende på amalekittane.

21. Men folket tok noko småfe og storfe av hærfanget, det beste av det som var bannlyst, og ville ofra det til Herren din Gud her i Gilgal.»

22. Då sa Samuel:«Trur du Herren har hugnadi brennoffer og slaktofferså som i lydnad ¬mot Herrens ord?Nei, lydnad er betre ¬enn slaktoffer,og viljug hug er betre ¬enn verefeitt.

23. Trass er jamgodt ¬med spådoms-synd,og stridlynde ¬er som avgudsdyrking.Fordi du har vraka Herrens ord,har han vraka deg som konge.»

24. Då sa Saul til Samuel: «Eg har synda; for eg har gjort imot Herrens ord og dine påbod. Eg var redd folket og gav etter for dei.

25. Kjære, tilgjev no synda mi, og ver med meg attende, så eg kan tilbe Herren.»

26. Men Samuel svara: «Eg vil ikkje vera med deg attende. For du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg; du skal ikkje lenger vera konge over Israel.»

27. Dermed snudde han seg og ville gå. Men Saul treiv i snippen på kappa hans, så ho rivna.

28. Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du.

29. Han som er Israels ære, lyg ikkje og angrar ikkje. For han er ikkje eit menneske, så han skulle angra.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 15