Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 15:1-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein dag sa Samuel til Saul: «Det var meg Herren sende for å salva deg til konge over folket hans, over Israel. Lyd no Herrens ord!

2. Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg vil straffa amalekittane for det dei gjorde mot Israel, at dei la hindringar i vegen for israelittane då dei drog opp frå Egypt.

3. Dra no ut og slå amalekittane, og bannlys alt det dei eig! Vis ikkje medkjensle, men drep menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar og sauer, kamelar og esel!»

4. Så kalla Saul folket til våpen og mønstra dei i Tela’im. Det var to hundre tusen mann, og av dei var ti tusen frå Juda.

5. Då Saul kom til byen åt amalekittane, la han folk i bakhald nede i dalen.

6. Og til kenittane sa han: «Skil lag med amalekittane og dra bort, så eg ikkje gjer ende på dykk saman med dei. For de gjorde vel mot israelittane då dei drog opp frå Egypt.» Då skilde kenittane lag med amalekittane.

7. Saul slo amalekittane og forfylgde dei frå Havila til bortimot Sjur, som ligg austanfor Egypt.

8. Han fanga amalekittkongen Agag levande. Og alt folket bannstøytte han og hogg dei ned med sverd.

9. Men Saul og mennene hans sparte Agag og det beste av småfeet og storfeet, gjøfeet og lamma. Dei sparte alt som var noko verdt, og ville ikkje bannstøyta det. Men alt fe som var ringt og verdilaust, det bannstøytte dei.

10. Då kom Herrens ord til Samuel, og det lydde så:

11. «Eg angrar at eg gjorde Saul til konge; for han har vendt seg bort frå meg og ikkje halde seg etter mitt ord.» Då vart Samuel harm og ropa til Herren heile natta.

12. Morgonen etter stod han tidleg opp og ville fara til møtes med Saul. Han fekk høyra at Saul var komen til Karmel og hadde reist seg eit minnesmerke der. Så hadde han snutt og fare nedetter til Gilgal.

13. Då Samuel kom til Saul, sa Saul til han: «Velsigna vere du av Herren! Eg har halde meg etter Herrens ord.»

14. Men Samuel sa: «Kva er det då for bræking som læt for øyro mine, og kva er det for rauting eg høyrer?»

15. Saul svara: «Det er nokre krøter dei har teke frå amalekittane og drive hit. Folket sparte det beste av småfeet og storfeet, av di dei ville ofra det til Herren din Gud; men resten har vi bannstøytt.»

16. Då sa Samuel til Saul: «Hald opp, så skal eg kunngjera deg kva Herren tala til meg i natt.» «Tal!» svara Saul.

17. Samuel sa: «Endå du har så små tankar om deg sjølv, er du likevel hovding over Israels-ættene! Herren har salva deg til konge over Israel.

18. Sidan sende han deg i veg og sa: Gå og bannstøyt amalekittane, dette syndige folket, og strid mot dei til du har gjort ende på dei!

19. Kvifor lydde du ikkje Herrens ord, men kasta deg over hærfanget og gjorde det som vondt var i Herrens augo?»

20. Saul svara: «Eg lydde Herrens ord og gjekk den vegen Herren sende meg. Eg førte Agag, amalekittkongen, hit og gjorde ende på amalekittane.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 15