Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 14:6-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Så sa Jonatan til våpensveinen sin: «Kom, lat oss fara over til forposten åt desse uomskorne! Herren hjelper oss nok. For ingen ting kan hindra Herren i å gje siger, anten vi er mange eller få.»

7. Våpensveinen svara: «Gjer alt det du har i tankar. Gå berre på! Eg fylgjer deg kvar du vil.»

8. Då sa Jonatan: «No går vi bortover til karane, så langt at dei får auga på oss.

9. Seier dei då: Stå stille til vi kjem bortåt dykk, så stoggar vi der vi er, og går ikkje opp til dei.

10. Men seier dei: Kom opp til oss, så tek vi det til teikn på at Herren har gjeve dei i vår hand, og vi går opp.»

11. Då filistarane kunne sjå dei frå forposten, sa dei: «Sjå, der er nokre hebrearar som er komne ut or holene dei har gøymt seg i.»

12. Mennene på forposten ropa til Jonatan og våpensveinen hans: «Kom opp til oss, så skal vi seia dykk noko.» Då sa Jonatan til våpensveinen: «Fylg meg, for Herren har gjeve dei i Israels vald.»

13. Så kleiv Jonatan opp på hender og føter, og våpensveinen fylgde. Jonatan hogg dei ned, og våpensveinen kom etter og gjorde det av med dei.

14. I dette fyrste åtaket som Jonatan og våpensveinen hans gjorde, felte dei om lag tjue mann på ei vidd som svarar til halvparten av det som kan pløyast på ein dag.

15. Då kom det redsle over heile hæren, både i leiren og ute på marka. Jamvel forposten og herjeflokken skalv av skrekk, og jorda riste. Det var Gud som slo alle med redsle.

16. Vaktpostane til Saul i Gibea i Benjamin såg at fiendehæren var i oppløysing og bylgja hit og dit.

17. Då sa Saul til folket som var med han: «Hald mønstring og finn ut kven av våre som vantar.» Så heldt dei mønstring, og det synte seg at Jonatan og våpensveinen hans var borte.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 14