Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 14:24-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. og det røynde hardt på for israelittane den dagen. Men Saul tok folket i eid og sa: «Forbanna vere den som tek til seg mat før det vert kveld og eg har fått hemn over fiendane mine!» Difor var det ingen i hæren som smaka mat.

25. På marka var det vokskaker med honning i.

26. Då folket kom over vokskakene, såg dei at dei var fulle av honning; men ingen tok noko av det i munnen. Slik age hadde folket for eiden.

27. Men Jonatan hadde ikkje høyrt at far hans hadde teke folket i eid. Han rette fram staven som han hadde i handa, og stakk enden på han ned i ei vokskake og tok honningen i munnen. Då fekk han att glansen i augo.

28. Ein av mennene tok til ords og sa: «Far din har teke folket i eid og sagt: Forbanna vere den som tek til seg mat i dag! Det er difor folka er trøytte.»

29. Jonatan svara: «Far min fører ulukke over landet. Sjå berre korleis eg fekk att glansen i augo då eg smaka litt på denne honningen.

30. Kor mykje større hadde ikkje mannefallet vorte hjå filistarane dersom folka i dag hadde fått eta seg mette av hærfanget dei har teke frå fienden.»

31. Den dagen slo dei filistarane og forfylgde dei frå Mikmas til Ajjalon. Men då var folka reint utmødde.

32. Dei kasta seg over hærfanget, tok sauer og oksar og kalvar, slakta dei på marka og åt kjøtet med blodet i.

33. Det kom nokre menn til Saul og sa: «Folket syndar mot Herren; dei et kjøt med blod i.» Då sa Saul: «De har vore trulause; velt no hit ein stor stein!»

34. Så sa han: «Gå ikring mellom folket og sei til dei at kvar og ein skal koma hit til meg med oksen sin eller lammet sitt og slakta og eta dei her. Dermed treng dei ikkje eta kjøt med blod i og såleis synda mot Herren.» Då kom kvar mann i hæren med oksen sin og slakta han der om natta.

35. Og Saul bygde eit altar for Herren. Det var det fyrste altaret han bygde for Herren.

36. Sidan sa Saul: «Lat oss setja etter filistarane i natt og herja mellom dei til dagen renn. Lat oss øyda dei ut til siste mann!» Dei svara: «Gjer i alle måtar som du synest.» Men presten sa: «Lat oss fyrst stiga fram for Gud!»

37. Så bad Saul Gud om råd: «Skal eg fara nedover etter filistarane? Vil du gje dei i Israels vald?» Men Gud svara han ikkje den gongen.

38. Då sa Saul: «Kom hit, alle hovdingar i folket! Ransak og finn ut kva det er for ei synd som er gjord i dag.

39. For så sant Herren lever, han som gjev Israel siger: Om det så er Jonatan, min eigen son, som ber skulda, skal han døy.» Men ikkje ein i hæren svara han.

40. Då sa han til heile Israel: «Stå de på den eine sida, så skal eg og Jonatan, son min, stå på den andre.» Folket svara: «Gjer som du synest.»

41. Då sa Saul til Herren, Israels Gud: «Lat sanninga koma fram!» Og loddet fall på Jonatan og Saul, men folket gjekk fritt.

42. Så sa Saul: «Kast lodd mellom meg og Jonatan, son min!» Og loddet fall på Jonatan.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 14