Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 11:7-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Han tok to oksar, hogg dei sund og sende stykka kring i heile Israel med bodberarar som skulle seia: «Så skal dei gjera med oksane åt den som ikkje fylgjer Saul og Samuel i striden.» Då kom det ei redsle frå Herren over folket, og dei drog ut, alle som ein.

8. Han mønstra dei ved Besek. Det var 300 000 israelittar og 30 000 judearar.

9. Så sa dei til bodberarane som var komne: «Sei til folket i Jabesj i Gilead: I morgon når sola tek til å heta, skal det koma hjelp til dykk.» Då bodberarane kom og fortalde Jabesj-buane dette, vart dei glade.

10. Og dei sa til Nakasj: «I morgon skal vi gje oss over til dykk, så kan de gjera med oss som de synest.»

11. Dagen etter delte Saul folket i tre flokkar, og i morgonvakta braut dei inn i leiren og hogg ned ammonittane; dei heldt ikkje opp før midt på heitaste dagen. Dei som slapp unna, vart spreidde; det var ikkje att to mann på same staden.

12. Då sa folket til Samuel: «Kven var det som sa: Skal Saul vera konge over oss? Hit med karane, så vi kan få drepa dei!»

13. Men Saul sa: «På denne dagen skal ingen lata livet; for i dag har Herren gjeve Israel siger.»

14. Og Samuel sa til folket: «Kom, lat oss fara til Gilgal og stadfesta kongedømet der!»

15. Så fór alt folket til Gilgal, og der gjorde dei Saul til konge for Herrens åsyn. Dei bar fram måltidsoffer for Herrens åsyn, og Saul og alle israelittane gledde seg storleg.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 11