Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 11:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ammonitten Nakasj gjorde ei hærferd og kringsette Jabesj i Gilead. Då sa Jabesj-buane til han: «Gjer ei pakt med oss, så skal vi gje oss under deg.»

2. Men ammonitten Nakasj svara: «Eg skal gjera ei pakt med dykk på den måten at eg stikk ut høgre auga på kvar av dykk, til vanære for heile Israel.»

3. Då sa dei eldste i Jabesj til han: «Gjev oss ein frist på sju dagar, så vi kan senda bod rundt om i heile Israel. Er det då ingen som hjelper oss, skal vi gje oss over til deg.»

4. Då sendemennene kom til Sauls Gibea og bar fram ærendet sitt for folket, sette heile folket i å gråta.

5. I same stunda kom Saul heim frå åkeren og dreiv oksane føre seg. Han spurde kva som var i vegen med folket, sidan dei gret. Dei fortalde han kva mennene frå Jabesj hadde sagt.

6. Då Saul høyrde det, kom Guds Ande over han, og han vart brennande harm.

7. Han tok to oksar, hogg dei sund og sende stykka kring i heile Israel med bodberarar som skulle seia: «Så skal dei gjera med oksane åt den som ikkje fylgjer Saul og Samuel i striden.» Då kom det ei redsle frå Herren over folket, og dei drog ut, alle som ein.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 11