Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 10:25-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Så kunngjorde Samuel kongelova for folket. Han skreiv henne opp i ei bok, som han la ned for Herrens åsyn. Sidan bad han farvel med folket, og dei fór heim, kvar til sitt.

26. Saul fór òg heim til Gibea, og med han fylgde det nokre stridsmenn, som Gud hadde skote det i hugen på.

27. Men nokre gudlause menn sa: «Kva hjelp kan denne mannen gje oss?» Og dei vanvørde han og kom ikkje med hyllingsgåve til han. Men han lest ikkje merka det.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 10