Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 1:7-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Såleis gjekk det år etter år. Kvar gong Hanna drog opp til Herrens hus, terga Peninna henne. Så gret ho og ville ikkje eta.

8. Men Elkana, mannen hennar, sa til henne: «Kvifor græt du, Hanna, og kvifor et du ikkje? Kvifor er du så sorgfull? Er ikkje eg meir for deg enn ti søner?»

9. Ein gong dei hadde ete og drukke i Sjilo, reiste Hanna seg og steig fram for Herrens åsyn. Eli, overpresten, sat på stolen sin attmed dørstolpen i Herrens tempel.

10. I si hjartesorg bad ho til Herren og gret sårt.

11. Og ho gav ein lovnad og sa: «Herre, Allhærs Gud! Dersom du vil sjå kor vondt tenestkvinna di har det, og koma meg i hug og ikkje gløyma tenestkvinna di, men la meg få ein son, så vil eg gje han til Herren for heile livet, og det skal aldri koma rakekniv på hovudet hans.»

12. Såleis bad Hanna lenge til Herren, og Eli fylgde munnen hennar med augo.

13. Det var inni seg ho bad; ho leda berre lippene, men røysta høyrdest ikkje. Difor trudde Eli ho var drukken,

14. og sa til henne: «Kor lenge vil du syna deg drukken? Sjå til å få rusen av deg!»

15. Men Hanna svara: «Nei, herre, eg er ei sorgtyngd kvinne. Vin eller annan sterk drikk har eg ikkje drukke; eg berre klagar mi naud for Herren.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 1